Hopp til hovudinnhald

Kven er eg?

Vidaregåande-elevar opnar eigen utstilling på museet

  • 1/1
    UTSTILLING: Produkta skal syne det elevane har kome fram til etter at dei fekk oppdrag å finne ekko av sin eigen identitet ein stad i fortida. Foto: Magni Kristin Moe Westgård

STAD: Valdres Folkemuseum
TID: Onsdag 15. juni kl 12.00.

Onsdag 15. juni opner utstillinga «Kven er eg» i velkomstbygget på Valdres Folkemuseum.

Produkta skal syne det elevane på Valdres vidaregåande skule har kome fram til etter at dei fekk oppdrag å finne ekko av sin eigen identitet ein stad i fortida.

– Vi ynskte å utfordre elevane til å reflektere over spørsmåla «Kven er du? Kva er din tradisjon? Korleis kan du knyte fortida saman med ditt eige liv?», fortel One Enerud som er publikumsansvarleg på museet og kurator for elevutstillinga.

Frå onsdag ettermiddag blir elevarbeida å sjå i velkomstbygget på museet. Nærare bestemt i passasjen mellom museumsbutikken og Munkekroen.

– Eg vil på vegne av oss ved Valdresmusea takke alle elevane for klokskap, kreativitet og arbeidsinnsats, seier Enerud.

«Ung i debatten»

Utstillingsarbeidet har bidratt til at både skuleelevane og museet har jobba på nye måtar. Ideen vart til som ein del av samarbeidsprosjektet «Ung i debatten», der formålet er å styrke samarbeidet mellom Valdresmusea og Valdres vidaregåande skule.

– Felles mål er å inspirere dei unge til å myndiggjera seg sjølv slik at dei er i stand til å påverke sin eigen livssituasjon, og samtidig bli aktive deltakarar i demokratiet, seier prosjektleiar Magni Kristin Moe Westgård.

I løpet av skuleåret har over 200 elevar vore med på ulike aktivitetar knytt til prosjektet.