Velkomen til verktøykveld i Øystre Slidre. Ta gjerne med verktøy eller utstyr du lurer på kva er, eller kan hende har du noko du har lyst til å visa fram? Utstyr til bruk på kjøkenet, i verkstaden eller i skogen, alt er like interessant! Me får med oss tradisjonsberarar som har greie på mangt og mykje, og som gjev gode svar og bidreg til gode samtalar. Alle er velkomne til hyggeleg prat og litt servering. GRATIS.
STAD: Frivilligsentralen, Øystre Slidre
TID: 26. november 2026, kl. 19.30
ARRANGØR: Valdresmusea og Frivilligsentralen Øystre Slidre
Med atterhald om endringar.
Illustrasjonsbilete frå museumssamlinga, les meir her
Spørsmål
Foto frå tidlegare verktøykveldar
- 1/1