Valdresmusea skal legge til rette for møte mellom generasjonar og opptre ansvarleg, relevant, modig og inkluderande. Valdresmusea skal:
- legge til rette for vern og vidareføring av materiell og immateriell kulturarv
- produsere kunnskap og dele denne med enkeltmenneske og offentlegheita
- fremje kritikk og refleksjon og ta samfunnsoppdraget på alvor
- gjere livet rikare for både enkeltpersonar og samfunnet i samtida og framtida
- vere ein relevant samarbeidspart og utviklingsaktør
- arbeide etter The International Council of Museum (ICOM) sine etiske retningsliner
FRI KUNST – FRI TALE
Valdresmusea skal vere ein open og inkluderande kulturinstitusjon. Her er plass til alle – og rom for alle ytringar. Valdresmusea skal vere lim og lupe i eige samfunn. Det betyr at vi skal bidra med kultur og kulturarv som knyter menneska saman. Men Valdresmusea skal også drøfte sider ved samfunnet som det er vanskeleg å snakke om, som vi kanskje ikkje likar, eller forstår. Slik speglar vi eit komplekst og mangfaldig samfunn med rom for breidda av historier, forteljingar og livserfaringar.