Hopp til hovudinnhald

VårFestiValdres

VårFestiValdres gjekk av stabelen laurdag 29. mai 2026. Om lag 150 ungdomar frå alle dei seks Valdres-kommunane møttest til ein dag og kveld prega av fellesskap, aktivitetar og konsertopplevingar.

På dagtid deltok ungdomane på felles ungdomsrådsmøte med demokrativerkstad og planlegging. Seinare på kvelden vart arrangementet vidareført med fest, konsertar og sosialt samvær.

På scena leverte Iron Remnants, Kælvemellin, Moosica og De Folka Der sterke opptredenar som synte både breidda og kvaliteten i det lokale ungdomsmusikkmiljøet. For profesjonell lyd og teknisk gjennomføring vart Hallingdal Lyd leigd inn. Det var sal av mat og drikke gjennom heile arrangementet.

Ungdomsråda hadde ei sentral rolle i planlegginga og bidrog også med praktiske oppgåver under gjennomføringa. Resultatet vart eit vellukka arrangement som på mange måtar fungerte som ein liten éin-dagsfestival for ungdom i Valdres.

Gjennom kvelden serverte frivillige gratis nysteikte lappar, medan Toten Potet stilte med potetvogn for dei som ønskte å kjøpe bakt potet.

Kvelden baud òg på loddtrekning med ei rekkje flotte premiar. Ei stor takk går til Intersport Beitostølen, Sport 1 Beitostølen, Montér Beitostølen, Valdres Sparebank avd. Slidre, Rema 1000 Leira, Coop Slidre, Joker Etnedal, Matkroken Etnedal, Bygdebørsen i Etnedal, Kiwi Røn, Spar Bagn, Sporten Bagn og Lunsjbaren for bidrag til arrangementet.

For å sikre at alle kom seg trygt heim, vart det sett opp gratis bussar frå museet klokka 23.00 til ulike stader i Valdres.

Arrangementet vart gjennomført med støtte frå Sparebankstiftelsen. Denne støtta var avgjerande for å kunne samle så mange ungdomar til ein inkluderande og gratis møteplass på tvers av kommunegrensene.

VårFestiValdres fekk òg støtte frå «Ung i dialogen», både økonomisk og praktisk. Erfaringane frå arrangementet viste at konseptet har stort potensial, og festivalen fungerte som ein pilot for vidare satsing.

Takk til artistane, dei frivillige, samarbeidspartnarane og ikkje minst ungdomane som gjorde VårFestiValdres til ei minnerik oppleving.

  • 1/12
    Alice Gudheim
  • 2/12
    Alice Gudheim
  • 3/12
    Alice Gudheim
  • 4/12
    Alice Gudheim
  • 5/12
    Alice Gudheim
  • 6/12
    Alice Gudheim
  • 7/12
    Peter Haaverstad
  • 8/12
    Peter Haaverstad
  • 9/12
    Peter Haaverstad
  • 10/12
    Peter Haaverstad
  • 11/12
    Bandet "De folka der" frå Begnadalen Peter Haaverstad
  • 12/12
    Kælvemellin Peter Haaverstad