I 1818 aksjonerte bønder på Austlandet mot det som vart kalla sølvskatten. Dei skreiv brev og kontakta stortingsmenn. Til sist ville dei tala ved han som hadde siste ordet i saka, kong Karl Johan. Hedølar var heilt sentrale i organiseringa medan andre valdrisar heldt seg ro. Kvifor var det slik, og kva for nettverk og kontaktar vart tekne i bruk?
Anne Mette Strand har gått gjennom rettsdokumenta og følgd spora etter dei som i 1818 reiste rundt og organiserte motstanden. Materialet vart til boka Svalle ved kongen som kom ut i 2024. Ho har tidlegare gitt ut boka Stridsmann frå Strønd. Om menn og politikk i Valdres 1905-–1940.
Bildetekst: Politiserende bønder Adolph Tidemand 1848
TID: Torsdag 16. oktober 2025 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (gratis for medlem av vennelaget)
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum
Kafeen er open i forkant av foredraget, kjøp gjerne middag eller kaffi og noko attåt.
- 1/1