Hopp til hovudinnhald

Valdresspel i Amerika

Stovekonsert med Laura Ellestad

NB! Arrangementet har funne stad

Konsert

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
10. juli 2025
15.00 – 16.00

Laura Ellestad er ein prislønt kanadisk/norsk hardingfelespelar med røter i Valdres. Ho har bachelor i tradisjonsmusikk frå Ole Bull Akademiet, master i utøving med fordjuping frå Norges musikkhøgskole og doktorgrad i oppføringspraksis frå Norges musikkhøgskole.

I løpet av studietida har ho forska på det norsk-amerikanske folkemusikkmiljøet i det øvre Midtvesten, og gjennom prosjektet «Valdresspel i Amerika» fordjupa ho seg i speltradisjonane etter fem av dei fremste utvandra hardingfelespelemennene frå Valdres; Arne Steinsrud, Trond Eltun, Bendik i Nø'n, Knut Sjåheim og Oscar Hamry, som utvandra til Amerika mot slutten av 1800-talet. I denne konserten spelar Laura låttar etter desse spelemennene og fortel om skjebnane deira i Amerika.

Medverkande:
Laura Ellestad, hardingfele

Konserten er ein del av 200 årsmarkeringa for utvandringa til Amerika.
MIGRASJON2025//Valdresspel i Amerika

Start: Torsdag 10. juli kl. 15.00
Slutt: Torsdag 10. juli kl. 16.00
Stad: Valdres Folkemuseum, Høyne skule
Pris: Inngang museet

Arr: Valdresmusea og Jørn Hilme-stemnet

Museum24:Portal - 2025.07.11
Grunnstilsett-versjon: 2