Velkomen til foredrag v/Frode Rolandsgard om Valdres i århundra før og etter kristninga i 1023. Valdres høyrde administrativt og religiøst til Vestlandet i store delar av denne tida. Kanskje kunne ein kalle valdrisane vestlendingar? Det kan også ha vore ei jarle- eller småkongeslekt sentralt plassert i dalføret. Korleis var tingstrukturen og den administrative inndelinga i mellomalderen? Kva var fjordungar og herad? Og korleis var samanhengen mellom tinga og kyrkjesokna?
Boka til Frode Rolandsgard kjem ut i oktober, og det blir høve til å kjøpe og få signert bøker.
Velkomen!
TID: Måndag 23. oktober 2023 kl. 19.00
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 100
ARR: Valdresmusea