Denne dagen markerer vi stiftingsdagen til Valdres Folkemuseum. Vi feirar med historisk tilbakeblikk, kåseri ved tidlegare styrar Magne Velure, helsingar, underhaldning og blautkake. Helsingsprotokollen kan du signere i Peisestuen, kunnskap og kake får du i festsalen. Velkomen!
TID: Tysdag 10. mars 2026 kl. 19.00 (kake frå kl. 18)
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
Gratis! Påmelding er nødvendig.
- 1/3
Fagernes med utsyn over Storøya på 1880-talet. Foto: Axel Lindahl / Norsk Folkemuseum / id: NF.WL02259 Axel Lindahl / Norsk Folkemuseum - 2/3
Peisestuen - huset der Valdres Folkemuseum vart stifta i 1901. - 3/3
Om jubilanten Valdres Folkemuseum
I 2026 er det 125 år sidan framsynte menneske stifta Valdres Folkemuseum på Fagernes. I 125 år har museet bidratt til identitet, samhald og stoltheit over lokale kulturtradisjonar.
Valdres Folkemuseum vart stifta i rusen av den nasjonale bløminga, men museet har gjort meir enn å dyrke historien og forfedrane. Aller mest har museet bidrege til fellesskap og tilhøyr, utvikling av ny kunnskap og vidareføring av levande kulturtradisjonar.
Det skal museet halde fram med. Opplyste borgarar er dessutan ein føresetnad for eit velfungerande demokrati – og for samfunnets helse. I 2022 mottok museet prisen Årets museum nettopp for arbeidet med mangfald, inkludering og demokratibygging.