Hopp til hovudinnhald

Valdres Folkemuseum 125 år

I 2026 er det 125 år sidan framsynte menneske stifta Valdres Folkemuseum på Fagernes. I 125 år har museet bidratt til identitet, samhald og stoltheit over lokale kulturtradisjonar. 

Valdres Folkemuseum vart stifta i rusen av den nasjonale bløminga, men museet har gjort meir enn å dyrke historien og forfedrane. Aller mest har museet bidrege til fellesskap og tilhøyr, utvikling av ny kunnskap og vidareføring av levande kulturtradisjonar.

Det skal museet halde fram med. Opplyste borgarar er dessutan ein føresetnad for eit velfungerande demokrati – og for samfunnets helse. I 2022 mottok museet prisen Årets museum nettopp for arbeidet med mangfald, inkludering og demokratibygging.

For å feire dette jubileumsåret inviterer museet til jubileumsmarkering, boklansering, diverse foredrag og folkefest. Hjarteleg velkomen!

Avisa Valdres har skrevet ei fin sak i høve jubileumsåret, som du kan lese her.

Jubileumsarrangement