Kursinnhald
På dette kurset skal vi skifte ut dårleg tømmer i ståande bygg. Denne gongen er det ein av kvernhusa på Leine i Vang som står for tur.
Leinekvednane i Vang i Valdres er eit unikt bygningsmiljø med fem gamle bekkekverner. Dei ligg idyllisk til langs elva Leineåne og Leinefossen på Vennis, og utgjer eitt av få bevarte anlegg i sitt slag i Noreg. Kvar gard på Vennis hadde opphavleg si eiga kvern, og på det meste var det 13 kverner her. Dei fleste vart øydelagde av storflaumen i 1860, men fem vart bygde opp att og er i dag freda. Det eldste kvernhuset stammar frå 1700-talet, medan dei andre er frå tida etter flaumen i 1860. Kvernene ligg lett tilgjengeleg ved Vennis, på nordsida av Vangsmjøsa.
Fakta
TID: 7.- 9. august 2026 kl. 08.00-16.00 (24 timar)
STAD: Leinekvednane i Vang
INSTRUKTØRAR: Handverkarane Håkon Hjelleset og Einar Damslora
PRIS: Kr 3300 (standard) Mat er inkludert
Kr 3100 for medlemmer av Verne-Vøla
Kr 3100 for dei med årskort til Valdresmusea
Kr 1600 for dei under 26 år
PÅMELDINGSFRIST: 15. juli
ARRANGØR: Valdresmusea
Med atterhald om endringar.
Spørsmål
Odd Arne Rudi
Bygningsvernrådgjevar og seksjonsleiar