Hopp til hovudinnhald

Utøya-besøk

Demokrati, empati, engasjement, refleksjon

Våren 2026 fekk elevar frå VG2 og VG3 ved Valdres vidaregåande skule besøkje Utøya saman med lærarar og prosjektansvarleg frå Valdresmusea. På øya vart vi tekne varmt imot av Luna, som viste oss rundt og leidde oss gjennom lærerike øvingar i demokrativerkstaden.

Besøket gav langt meir enn kunnskap om terroråtaket 22. juli 2011. Gjennom møtet med staden, forteljingane og formidlarane fekk vi høve til å reflektere over demokrati, medborgarskap, ytringsfridom og kor viktig det er å stå opp mot hat, utanforskap og ekstremisme. Historia om terrorangrepet vart konkret og nær på ein måte som lærebøker åleine ikkje kan formidle.

Besøket skapte også rom for samtalar om korleis eit ope og demokratisk samfunn kan møte terror og polarisering. Vi fekk innsikt i korleis unge menneske har engasjert seg i samfunns- og demokratisk arbeid, og vi vart vert utfordra til å reflektere over eiga rolle som aktive samfunnsborgarar. Mange opplevde at besøket styrkja forståinga av at demokratiske verdiar ikkje kan takast for gitt, men må haldast ved like gjennom deltaking, dialog og respekt for mangfald.

For mange vart nok besøket òg ei sterk personleg oppleving. Forteljingar om mot, samhald og solidaritet i møte med ei nasjonal tragedie vekkjer både kjensler og ettertanke. Opplevinga gjer historia relevant for dagens ungdom og kan inspirere til vidare samtalar om demokrati, inkludering, fellesskap og ansvaret kvar einskild av oss har for å bidra til eit trygt og ope samfunn.

I år er det 15 år sidan terroren råka Utøya, og besøket gav eit sterkt møte med dei mange spora etter tragedien. Særleg sterkt var det å gå gjennom det gamle kafébygget. Samstundes var det imponerande å sjå korleis øya også er ein stad prega av glede, engasjement og livskraft.

Foto: Aya Strand, Kari Hauge og Alice Gudheim

  • 1/11
  • 2/11
  • 3/11
  • 4/11
  • 5/11
  • 6/11
  • 7/11
  • 8/11
  • 9/11
  • "Det som er fint for deg, finner deg" Tekst skrevet av Hiba på en papirstjerne på Utøya
    10/11
    Frå minnestaden på Utøya Aya Strand
  • 11/11