Hopp til hovudinnhald

Urnes stavkyrkje

Å bryte bitar av eit freda kulturminne gjer ein med ærefrykt og takksemd. Ikkje minst når vi snakkar om smijernsbeslaget på Urnes stavkyrkje. Då bør ein ikkje gjere noko feil og derfor var det naturleg nok noko nervøsitet knytt til sjølve inngrepet. Då Torill og Steven fekk sjå kor jernprøva skulle takast, pusta dei òg letta ut. Det som på bileta såg ut som ein bit av jarn under eit naglehovud, viste seg å vere to avbrotne bitar – i passe storleik – så her var det berre å plukke av den eine biten.

Jernet vart bearbeidd cirka 1130, og no skal den vesle (og litt rustne) biten vidare til NTNU for analyse. Kor kom jernet frå og korleis arbeidde smeden?

Alle foto: Torill Thømt

  • Urnes stavkyrkje
    1/2
    Frå Urnes stavkyrkje
  • Urnes stavkyrkje
    2/2
    Frå Urnes stavkyrkje
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1