Musea søkjer alltid å finne dei historiene som ikkje tidlegare er fortalt. I arkiva finns det store mangfaldet av historier om kven vi er. Gjennom systematisk dokumentasjon blir musea ein del av samfunnet sin kollektive hukommelse. For musea er det difor viktig å gjera unge merksame på dei demokratiske prinsippa som ligg til grunn for musea sitt arbeid, og ikkje minst, invitere ungdommen inn i arbeidet, tankegangen, samtalene og arkiva.
Arkiva er sentrale som utgangspunkt for samtalar om kjeldekritikk, og som ein arena der ungdom i dag skal få bidra med sine tankar og erfaringar. Vi har som mål at ungdomen ved slutten av skuleåret skal produsere eit meiningsberande uttrykk, i form av ein kronikk, ei videodagbok, foto, dikt eller liknande, og at dette skal inngå i museet sin samtidsdokumentasjon. Unge stemmer er mangelvare i mange arkiv, og vi ynskjer å gje dagens unge trua på at nett deira stemme er eit viktig bidrag for ettertida. Denne delen av prosjektet kallar vi Ungdomskjelda.