Hopp til hovudinnhald

Ung i dialogen og samarbeidsmusea

  • Tre damer som smiler
    Prosjektleiarar ved Randsfjordmuseet, Valdresmusea og Gudbrandsdalsmusea Anne Marit Noraker

Valdres

Ungdomsråda i Valdres har fått 300 000 kr frå Innlandet Fylkeskommune til å utvikle møteplassar i neste skuleår.

Det er Valdresmusea sitt prosjekt «Ung i dialogen» som har teke initiativ til det breie samarbeidet. Som prosjektleiar tok eg kontakt med alle ungdomsråda i Valdres for å høyre kva ungdommen sjølv tenkjer dei har behov for.

Tilbakemeldingane var tydelege på at felles møteplassar sto høgt på ønskelista. For at ungdomsråda ikkje berre skal bli symbol-råd, er det viktig at ein får til samhandling mellom ungdomsråda i kommunane. Her kan ein ha noko felles opplæring i politisk arbeid og påverknad. Ein kan også samkøyre seg på felles saker, som til dømes kollektivtrafikk-tilbod, som er ein gjengangar blant mange ungdomsråd. Kvar for seg er det kanskje ikkje så enkelt å arbeide inn mot fylket, saman kan dei stå langt sterkare.

I tillegg til reint fagleg og politisk samarbeid, ser ungdomsråda også behovet for å etablere felles sosiale og gratis møteplassar for alle unge i Valdres, frå ungdomsskulealder og oppover. Det er dette vi no har lagt ein plan for, og som utgjer grunnlaget for å søkje midlar hjå Fylkeskommunen. I søknaden bed vi om midlar til å utvikle og gjennomføre fleire møteplassar i skuleåret 2026-2027.

Søknaden har no utløyst full pott frå Ungdommens Livskvalitetsfond (ULF) på 50 000 kr per kommune, til saman 300 000 kr.

«Ung i dialogen» har teke på seg å bistå ungdomsråda i det vidare arbeidet med å realisere planane. Det vil bli både felles UR-møte med fagleg innhald, samt sosiale treff, både i første og andre halvår.

VårFestiValdres

Fredag 29. mai 2026: På dagtid blir det felles ungdomsrådsmøte med demokrativerkstad og planlegging før vi dundrar på med fest og konsert på kveldstid. Hit kjem lokale ungdomsband som De Folka Der, Moosika og Iron Remnants for å spela i amfiet. Hallingdal Lyd er leigd inn, det blir sal av mat og drikke og bussar er tinga til å køyre ungdommen gratis heim til alle kommunar.

Dette var eit arrangement som «Ung i dialogen» støtta, både økonomisk og praktisk. Vi ser dette som ein pilot for neste år. Om dette blir eit vellykka arrangement, vil vi kunne bruke dette som mal for neste år.

Ungdomsråda bidrog aktivt i planlegginga, og vil også trø til med praktiske oppgåver for å gjennomføre det som nesten blir ein mini-dags-festival.

Inspirasjonsdagar før valet

Prosjektet har arrangert inspirasjonsdagar for VGS i høve Stortingsvalet.

Guta som gret

Som del av VGS si temaveke om mental helse, sponsa «Ung i dialogen» ein skuleturne med Daniel Kvammen og foredraget «Guta som gret». Gjennom prosjektet heldt han to foredrag i Valdres, og også på Hadeland og i Gudbrandsdalen. I tillegg laga vi film.

Dialog-metoden

Prosjektet arbeider etter dialog-metoden og har gjennomført kurs i folkedialog, som vi bruker aktivt i arbeidet.

Knonikk-skriving

Vi bidreg inn i kronikk-konkurransen i samarbeid med Valdres VGS, Avisa Valdres og Nord-Aurdal Mållag.

Utøya

I mai tok vi med to VGS-klassar til Utøya på demokrativerkstad.

Gudbrandsdalen

Utøya

I starten av april reiste elevar frå 1ST ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule på ei døgnsamling på Utøya. Samlinga markerte avslutninga på eit opplegg som starta hausten 2025, då klassa deltok i tre veker med arbeidsverkstader om dialog, ytringsfridom og samfunnsengasjement. Gjennom skuleåret arbeidde elevane vidare med desse temaa før turen til Utøya.

Turen vart ein stor suksess. Læraren fortalde i etterkant at både bodskapen og arbeidet som var gjort gjennom året verkeleg fekk feste under besøket. Når elevane fekk sjå staden og høyre historia på nært hald, fekk dei ei heilt anna forståing av tematikken. Erfaringa gav tydelege signal om at dette er eit tilbod ein ønskjer meir av.

Foredrag med Noregs ambassadør i Ukraina, Lars Ragnar Aalerud Hansen

I mars arrangerte vi eit foredrag for heile Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule med Noregs ambassadør i Ukraina, Lars Ragnar Aalerud Hansen.

Han fortalde om situasjonen i Ukraina, arbeidet sitt som ambassadør og vegen fram til stillinga han har i dag. Sidan han sjølv kjem frå ein liten stad i Innlandet, var det særleg interessant for elevane å høyre om korleis han har funne sin eigen karriereveg.

Foredraget gjorde sterkt inntrykk på både ungdom og vaksne. Ambassadøren synleggjorde alvoret i krigen og kor nær konflikten faktisk er Noreg. Han understreka òg kor viktig støtta til Ukraina er.

Mange ukrainske flyktningar deltok på foredraget. Sjølv om ingen stilte spørsmål under sjølve arrangementet, vart Lars Ragnar Aalerud Hansen ståande i over ein time etterpå for å snakke med deltakarar på ukrainsk og russisk. Fleire uttrykte stor glede over å få høyre rapportar frå heimlandet og over å kunne snakke med nokon som forstod bakgrunnen deira og erfaringane dei hadde flykta frå.

Regional ungdomsfestival for unge i Nord-Gudbrandsdal

Gjennom heile våren samarbeidde vi med ungdomsrådet i Dovre om å arrangere ein regional ungdomsfestival for ungdom mellom 13 og 18 år i Minneparken på Dombås. Festivalen var eit resultat av arbeidsverkstader der ungdomane sjølve prioriterte kva slags tilbod og møteplassar dei sakna i regionen.

Prosjektleiaren for Ung i dialogen arbeidde tett saman med ungdomsansvarleg i kommunen og bistod ungdomsrådet med førebuingar, søknadsskriving, kontakt med artistar og anna praktisk arbeid. Det var likevel ungdomsrådet som hadde hovudansvaret for planlegging og gjennomføring.

Resultatet vart ein strålande kveld med lokale talent innan musikk og dans, kombinert med konsertar frå unge nasjonale artistar. Om lag 100 ungdomar deltok, og mange nytta det gratis transporttilbodet frå ulike delar av regionen. For fleire var dette den første verkelege konsertopplevinga deira, og mange gav uttrykk for at dei ønskjer fleire liknande arrangement.

Planlegging av hausten 2026

I løpet av våren starta vi også dialog med Vinstra vidaregåande skule, den vidaregåande skulen i Midt-Gudbrandsdal. Skulen er positiv til å gjennomføre eit opplegg liknande det som er utvikla ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule. Også Otta vidaregåande skule har vist interesse for ei vidareføring av arbeidet.

Dette legg grunnlaget for vidare aktivitetar og samarbeid både hausten 2026 og våren 2027.

Hadeland

Teikneverkstader

Teikneverkstaden har vore open fredagar og laurdagar sommaren 2026, i eit eige lokale i Glasslåven kunstsenter & atelier. Oppstarten av verkstaden var eit samarbeid med Huset Hadeland. Huset Hadeland er eit tilbod til ungdom og unge vaksne mellom 16 og 30 år som av ulike grunnar har falle utanfor, og som ønskjer å kome seg i arbeid eller utdanning.

Verkstaden har vorte driven av tre unge vaksne frå Hadeland med interesse for teikning. Fokuset har vore teikning som prosess, aktivitet og kommunikasjonsform. Verkstadene har vore opne for alle og gratis å delta på.

Glasslåven kunstsenter & atelier ligg midt i kulturlandskapet på Granavollen. Utstillingane som har vore viste på Glasslåven denne sommaren, har hatt landskapet rundt Glasslåven og sjølve bygget som inspirasjonskjelder, og teikneverkstaden har brukt både utstillingane og omgjevnadene som utgangspunkt.

I august er òg grupper med unge vaksne inviterte til eigne teikneverkstader. Dei blir utfordra til å fortelje kva det vil seie å vere ung vaksen på Hadeland i dag, og uttrykkje dette gjennom teikning. Målet er at dette skal kunne vere ein ressurs for museet.

Dei tre som har drive teikneverkstaden, har òg besøkt Hadeland Folkemuseum for å få større kjennskap til både museet og samlingane.

Ung i dialogen teikneverkstad har i løpet av sommaren hatt tre tilsette og blitt besøkt av 180 publikummarar.

Ved slutten av sommaren vil teikneverkstaden i si noverande form bli avslutta, men aktiviteten kan førast vidare.

  • 1/2
  • 2/2