Hopp til hovudinnhald

Ung i dialogen

Korleis auke sjølvtillit, engasjement og deltaking hjå lokal ungdom?

  • "Det som er fint for deg, finner deg" Tekst skrevet av Hiba på en papirstjerne på Utøya
    Frå minnestaden på Utøya Aya Strand

«Ung i dialogen» er eit demokratiprosjekt i regi av Valdresmusea, Gudbrandsdalsmusea og Randsfjordsmuseet. «Ung i dialogen» blir til med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB. Formålet med prosjektet er å styrke motet og sjølvtilliten, og å auke engasjementet og samfunnsdeltakinga hjå ungdommane i dei tre regionane.

Gjennom prosjektet er det eit mål å koma i kontakt med ungdommen – på skulen, i ungdomsrådet, på klubben eller på andre møteplassar. Prosjektet strekkjer seg inn i klasserom og auditorium, men vil også invitere ungdom ut av kvardags-arenaen slik at dei får oppleve arkiv og samlingar, utstillingar og aktivitetar. Vi arbeider etter dialog-metoden og har gjennomført kurs i folkedialog, som vi bruker aktivt i arbeidet.

  • 1/1