Skuler og barnehagar

fc2011090603.JPG

Formål

Valdresmusea legg til rette for møte mellom generasjonar. Kulturarven har potensial til å knytte ulike grupper i samfunnet tettare saman. Kunnskap om til dømes mat, klede, krig, handverk og musikk kan bidra til at elevane får innsikt i eigen historie, styrka identitetsfølelse og forståelse for lange liner og korleis verda heng saman. 

Undervisningtilbod på musea

1. Langeleiken - heile Noregs instrument Besøk i utstilling, konsert, spel og dans! Valdres Folkemuseum (2 timer, 1.-10. klasse)

2. Mat i fortid og framtid Potetgraving, skjering, binding og maling av korn, kvikakesteiking, lompebaking, urter og nyttevekstar i urtehagen. Valdres Folkemuseum (heildagsopplegg for 6. og 7. trinn)

3. Barnas dag Førskule i Høyne, hallingdans, lappesteiking, hopping i fôret, pil og boge-verkstad og gamle leikar. Valdres Folkemuseum (fire timar for 4- og 5-åringar frå barnehagane)

4. Smi deg ein dings På stølsområdet ser vi etter spor av jern og jernutvinning i landskapet og inne i eit av dei gamle husa, smiing av hekter, spiker og andre enkle gjenstandar. Valdres Folkemuseum (tre-timarsopplegg for 4. og 7. klasse)

5. Rite runner Innføring i runealfabetet, risse eigne runer. Lære om skålgropsteinen. "Ofring og utgraving" saman med omvisar. Gardbergfeltet (1,5 times opplegg for 3.-7. klasse)

6. Byggeskikk og arkitektur / omvising på Fagernes og Valdres Folkemuseum (to-timarsopplegg for 8.-10. klasse)

7. Gamle jakt og fangstreiskapar Film frå Buvassfaret om bjørn og bjørnehi, omvising ved flaum-muren: Elevane får høyre om Tressflaumen i 1760 og Storofsen i 1789, naturstig langs Islandselva: Elevane får høyre om ville dyr og sjå fangstreiskapane som vart brukte. Bagn Bygdesamling (3.-7. klasse - men kan òg tilpassast elevar i 1.–4. klasse og elevar i ungdomsskulen)

8. Krigen i Valdres Omvising i krigsminneutstillinga, vising av filmen «Bagn 1940», som fortel om hendingane på Bagnsbergatn i april 1940, besøk på Bagnsbergatn med omvising i husa. Bagn Bygdesamling og Bagnsbergatn (tre-timars opplegg for 8.-10. klasse)

9. Ein skuledag for seksti år sidan Delta i ein skuletime der undervisinga går føre seg slik den gjorde for seksti år sidan, omvising i lærarbustaden i andre høgda, damle leikar på skuleplassen. Dølven skule på Bagn Bygdesamling (2,5 time for 1.-7. klasse)

Datoar og meir informasjon om om undervisningstilboda finn du her.

Spørsmål og påmeldingar

info@valdres.museum.no
Tlf: 61 35 99 00