Hopp til hovudinnhald

Lær om Ulnes kyrkje

Foredrag og omvising

Foredrag og omvising

Ulnes kyrkje Valdresmusea
10. juni 2026
18.00
  • Ulnes kyrkje med stillas
    1/1
    Ulneskyrkja med stillas Morten Stige

Ulnes kyrkje er ei middelalderkyrkje i stein frå omlag år 1265. Kyrkja er det eldste bygget i opprinneleg bruk i Nord-Aurdal, og det har vore fleire forsøk på å rehabilitere fasaden utan varig hell. Med støtte frå kyrkjebevaringsfondet til mur og puss av kyrkja, er fleire fagfolk i gang med å sette i stand fasaden.

I dette høvet inviterer vi til ein kveld der fagfolka fortel om arbeidet og viser rundt på byggeplassen. Vi legg også opp til omvisning inne i kyrkja og høve til å komme opp i tårnet for dei som måtte vere interessert i det. I tilegg vil Valdresmusea informere om det pågåande prosjektet "Kunnskapsløft for middelalderkyrkjene", der vi vil undersøke korleis middelderkyrkjene i Valdres kan vere ein stad for historisk refleksjon, fellesskap, læring og lokal identitetsbygging.

Medverkande

Morten Stige, kunsthistorikar Fabrica kulturminnetjenester
Per Storemyr, geoarkeolog og forskar Fabrica kulturminnetjenester
Tore Granmo, murarmeister
Arnt Erling Ringsaker, kyrkjetenar i Nord-Aurdal
Anne Marit Noraker og Nina E. Grønbrekk, Valdresmusea

Praktisk informasjon

TID: Onsdag 10. juni 2026 kl. 18.00
STAD: Ulnes kyrkje
ARR: Valdresmusea, Nord-Aurdal kyrkjelege fellesråd og Ulnes sokneråd

Det vil bli servert kaffe og kake, og kvelden er gratis og open for alle. Velkomen!