Odd Arne Rudi
Velkomen til samling i nettverket «Møteplass for tradisjonshandverk» på Leirhol i Vang!
Vi er så heldige å få kome til Jon og Sigrun, som opnar garden sin og dela av det dei kan og veit. På Leirhol møtest fortid og notid i eit levande kulturlandskap med røter langt attende i tid.
Garden er ein av dei eldste i bygda og rommar mellom anna gravhaugar frå bronsealder og tidleg jarnalder. Mange kjenner staden fyrst og fremst for Riddarstøga frå 1100–1200-talet, som framleis står og er i god hevd. Eigarane har også satt i stand delar av ein husmannsplass som ligg innunder garden, her held arbeidet fram med restaurering av fleire bygningar.
Jon har også bygd opp eit rikhaldig gardsmuseum med gjenstandar og forteljingar frå eit nærare historisk landskap – frå ei tid mange av oss kjenner seg att i. Han vil vise oss rundt på garden og dele av kunnskapen sin. Det blir høve til fagleg påfyll, samtale og sosialt samvær.
Vi håpar mange har lyst og høve til å bli med!
TID: 30. juni kl. 18.00–21.00
STAD: Leirhol, Vennisvegen 382 A, Vang i Valdres
ARR: Valdresmusea AS, Verne-Vøla og Aabol tradisjonsbygg
SPØRSMÅL: Odd Arne Rudi, odd.arne.rudi@valdres.museum.no
PÅMELDINGSFRIST: 23. juni 2026