Hopp til hovedinnhold

Trygve Bjørgo

Trygve Bjørgo (1916–1999) var ein av dei fremste lyrikarane og skulemennene i Valdres i vår tid.

Som lyrikar og ordkunstnar nådde han mange med dei vare, jordnære og djupe dikta sine. Til saman gav Bjørgo ut i ut sju diktsamlingar, og han fekk med dikt i ei lang rekke antologiar.

Som skulemann var han med på å prege fleire generasjonar av unge valdrisar som gjekk på Valdres gymnas på 1960- og 1970-talet. Han utviste ein genuin idealisme og kjærleik til ungdomen, åndslivet og fedrelandet, og lét elevane få del i dei store kunnskapane han rådde over. Derfor vart Bjørgo ein skulemann av dei fremste i landet.

Bjørgo var svært oppteken av Valdres-kulturen, mellom anna i form av idrettshistorie, kvardagsliv og musikk. Han var med på å opprette det som etter kvart vart Valdres Folkemusikklag, og han var sjølv særleg glad i det vare Valdres-spelet. Han engasjerte seg i målarbeid og språk, han var ein periode leiar i Noregs Mållag og også medlem i Det litterære råd i Den norske Forfatterforening.

Publisert 3.3.2022

Film

I 2016 arrangerte Valdresmusea eit jubileumsarrangement, saman med Syn og Segn, Nord-Aurdal kommune og Nord-Aurdal Mållag. Sjå arrangementet her:

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1