Hopp til hovudinnhald

Tilgjengelegheit på Valdres Folkemuseum

Parkering
Parkeringsplassane ved Valdres Folkemuseum har mange plassar. Dersom desse skulle vere heilt fulle, er det også mogleg å parkere i Fagernes sentrum, til dømes i parken eller ved bensinstasjonen langs fjorden.

Følgje
Det er gratis inngang for ledsagarar.

Hundar
Du kan ha med hund i band på uteområdet. Førarhundar og assistenthundar er også velkomne inn. Vi er takksame om du gir beskjed til resepsjonen ved ankomst.

Rullestol
Utstillingane og kafeen er tilrettelagt for rullestol, delvis gjeld dette også friluftsmuseet. Ein enklare rullestol er tilgjengeleg for utlån, spør i resepsjonen.

Oppbevaringsmoglegheiter
Vi har diverre ikkje oppbevaringsskåp for publikum, men det er mogleg å henge frå seg yttertøy på eige ansvar i garderoben utanfor toaletta.

Toalettar og stellebord
Toalettane er i velkomstbygget, mellom museumsbutikken og kafeen. Handicaptoalettet er også utstyrt med stellebord. 

Wifi
Museet har gratis wifi DigitaltMuseum. Spør i resepsjonen for passord.

Tilrettelagte lokale
Under arrangement i festsalen nyttar vi som hovudregel både lydanlegg og teleslynge.