Hopp til hovudinnhald

Til seters

Guida vandring via garden til stølen på museet

Budeie på stølen Anne-Marte Før

Gruppetilbod

Få eit historisk tilbakeblikk på livet og arbeidet slik det var i Valdres frå gamalt av​, og smaksprøver på husmannskost undervegs. I 2024 vart stølskulturen i Noreg skriven inn på UNESCO si liste over immateriell kulturarv, og Valdres er framleis det området i Nord-Europa med flest aktive stølar.

Denne omvisinga tilbyr vi i juni-september. Omvisingane kan bli tilpassa ver og føreforhold. Ta med klede og sko etter veret. Har gruppa ønske om ei spesialtilpassa omvising, ta kontakt i god tid.

Denne omvisinga tilbyr vi i juni-september. Omvisingane kan bli tilpassa ver og føreforhold. Ta med klede og sko etter veret. Har gruppa ønske om ei spesialtilpassa omvising, ta kontakt i god tid.

  • Varigheit ca. 1,5 time
  • Grupper på inntil 15 personar per guide
  • Pris: Kr 200 per person (minstepris kr 2000 per gruppe)

Matservering kan ein tinge via museumskafeen.

Etter at omvisinga er ferdig, kan det vere fint å avslutte med ein tur på eiga hand opp til fjellhylla Kviteberg i berget ovanfor Valdres Folkemuseum. Der låg det ein husmannsplass fram til ca. 1950. Ein må kunne bevege seg på tilrettelagde, bratte stigar. Stigning: 240 meter. Lengde: ca. 3 km.

    Kontaktinformasjon

    Valdres Folkemuseum ligg på Fagernes, langs E16 mellom Oslo og Bergen. Adressa er Tyinvegen 27.

    info@valdres.museum.no
    Tlf (+47) 61 35 99 00 

    Museum24:Portal - 2025.02.14
    Grunnstilsett-versjon: 2