Hopp til hovudinnhald

Til det beste for naturen?

Plakat med bilde av foredragsholderne

Velkommen til samtale med forfattar og samfunnsdebattant Siri Helle og gardbrukar Kathrin H. Aslaksby om utmark i endring, og nye interessemotsetningar på bygda.

Kva for normer og verdiar ligg til grunn for bruken av jorda og utmarka? Kva slags natursyn er til det beste for naturen? Skal vi hauste av han, halde fram med å drive stølane, prioritere rekreasjon – eller bør naturen få vere mest mogleg i fred? Og kven eig eigentleg fasiten? 

Det blir mogleg å stille spørsmål og dele eigne refleksjonar etter samtalen.

Servering av kaffi og kake!

Velkomen!

TID: Torsdag 15. februar 2024. kl. 19.00 
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 100
ARR: Arrangementet er del av samfunnsrolleprosjektet «Eit skigardsdele» om utmarka i endring. Les meir her.

Kven får vi møte?

Siri Helle er utdanna agronom, er forfattar og skribent med fast spalte «Frå matfatet – om mat og matproduksjon» i Dag og Tid. Siri er ei sterk røyst i debatten om miljø, dyrevelferd og berekraftig matproduksjon, noko som kjem fram i bøkene hennar: "Handle rett: lure val i ein matbransje full av juks", "Skal landet gro att?: korleis berge norsk jordbruk", "Matmakt på butikken" og "Med berre nevane: eit forsvar for praktisk arbeid". Siri er aktuell med boka Trollefossvegen 23: tilbake til heimbygda, der ho med glimt i auga skriv om å etablere seg på nytt i heimbygda.

Kathrin H. Aslaksby er utdanna naturforvaltar, naturrettleiar og naturformidlar. Ho er geitebonde og budeie på Olestølen i Øystre Slidre i Valdres. Olestølen ligg ikkje langt frå Beitostølen, eit stølsområde som tidleg vart sentrum for fjellturisme og hytteutbygging. Sjølv seier ho at ho er inspirert av korleis ein brukte, ikkje forbrukte, naturressursane i tradisjonell stølsdrift. Kathrin har jobba som biolog, naturoppsyn og miljøvernrettleiar på Svalbard, i Romsdalen og i Pakistan.

  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1