Hopp til hovudinnhald

Til ære for samlingane

Foredrag

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
05. nov. 2026
19.00

I høve Valdres Folkemuseum sitt 125-årsjubileum arrangerer vi ein kveld til ære for arkiva og gjenstandssamlingane på museet. 

Denne kvelden kan du lære meir om korleis museet arbeider med samlingane, og kva samlingsforvaltning i eit museum inneber.

Det blir servert fleire godbitar frå skattekista Valdres Folkemusikkarkiv, som er det eldste regionalarkivet for folkemusikk i Noreg. Her er intervju, musikk- og danseopptak med felespelarar, langeleikspelarar, songarar og dansarar, frå tidleg 1900-talet og fram til i dag. Folkemusikkarkivet inneheld rundt 17 000 enkeltspor med song og musikk.

TID: Torsdag 5. november 2026 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (kr 50 for dei under 26 år)
ARR: Valdresmusea

  • 1/9
  • 2/9
  • 3/9
  • 4/9
  • Hestereiskap
    5/9
    Valdres Folkemuseum
  • Hardingfeler i utstillinga
    6/9
    Jørn Ranum
  • Hardingfele
    7/9
    Hardingfele i utstillinga Torgeir Bolstad / Valdresmusea
  • sju gamle handskrivne bøker
    8/9
  • 9/9