Knut Hermundstad (1888–1976) vigde heile sitt vaksne liv til folkeminneinnsamling og kulturminnearbeid. Han var redaktør for, skreiv eller bidrog til over tjue bøker og ei rekkje tidsskrift om historia i Valdres.
I høve Valdres Folkemuseum sitt 125-årsjubileum inviterer vi til ein kveld om Knut Hermundstad og den store innsatsen hans for museet og kulturarven i Valdres.
12. november vil bygdebokforfattar Harald Hvattum fortelje om Hermundstad sitt liv og virke og kva han har hatt å seie for Valdres. Han vil løfte fram den omfattande utbygginga av friluftsmuseet på 1950-talet og Hermundstad si uvurderlege rolle som kjentmann og lokal tillitsmann for kulturminneforvaltninga og forskinga.
Professor i kulturvitskap Kyrre Kverndokk frå Universitetet i Bergen vil deretter fortelje om den store kulturhistoriske folkeminnesamlinga etter Hermundstad og kva potensial som ligg i dette materialet i dag.
Velkomen!
TID: Torsdag 12. november 2026 kl. 19.00
STAD: Festsalen Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (kr 60 for dei under 26 år)
ARR: Valdresmusea
Om foredragshaldarane
Harald Hvattum er etnolog, lokalhistorikar og ein mykje brukt bygdebokforfattar. Han har ein særleg kompetanse på lokal- og kulturhistorie og har skrive omfattande gards- og ættesoger for lokalsamfunn i både Valdres og på Hadeland. Mellom dei største arbeida hans finn ein dei store bygdebøkene for Etnedal og Nord-Aurdal, i tillegg til ei rekkje bøker om lokal samfunnshistorie og kulturliv.
Kyrre Kverndokk er folklorist og professor i kulturvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har ei spesiell interesse for tradisjonsarkiv og har mellom anna arbeidd med den folkloristiske innsamlingshistoria. Dei siste åra har han leia arbeidet med å digitalisere og gjere tilgjengeleg nasjonale tradisjonsarkiv i digitalarkivet samla.no.
- 1/3
Knut Hermundstad i 1946, foran Prestøybygningen på Valdres Folkemuseum Nils Neste - 2/3
- 3/3
Knut Hermundstad VFF 4-002856