Hopp til hovudinnhald

Til ære for friluftsmuseet

Omvising i friluftsmuseet

Omvising

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
18. juni 2026
17.00 – 19.00

Valdres Folkemuseum er blant dei største friflutsmusea i landet. I løpet av dei 125 åra musea har eksistert er det flytta 72 gamle hus hit. Vil du vite meir meir om husa og utviklinga av friluftsmuseet? Meld deg på omvising der vi går gjennom heile uteområdet og innom ein god del av dei gamle husa. Ta med gode sko og gjerne kamera! 

TID: Torsdag 18. juni 2026 kl. 17.00-19.00
STAD: Valdres Folkemuseum, oppmøte i museumsbutikken
PRIS: Kr 140
ARR: Valdresmusea

  • To små kvernhus med villskifer på taket
    1/2
    Kvernhusa frå Lalim og Skattebu under oppsetting på Valdres Folkemuseum i 1959. Nils Neste
  • 2/2

Om jubilanten Valdres Folkemuseum

I 2026 er det 125 år sidan framsynte menneske stifta Valdres Folkemuseum på Fagernes. I 125 år har museet bidratt til identitet, samhald og stoltheit over lokale kulturtradisjonar. 

Valdres Folkemuseum vart stifta i rusen av den nasjonale bløminga, men museet har gjort meir enn å dyrke historien og forfedrane. Aller mest har museet bidrege til fellesskap og tilhøyr, utvikling av ny kunnskap og vidareføring av levande kulturtradisjonar.

Det skal museet halde fram med. Opplyste borgarar er dessutan ein føresetnad for eit velfungerande demokrati – og for samfunnets helse. I 2022 mottok museet prisen Årets museum nettopp for arbeidet med mangfald, inkludering og demokratibygging.