Norsk institutt for bunad og folkedrakt her på Valdres Folkemuseum har ledig stilling som vikar for tekstilhandverkar i 100 % frå 1. april til 31. desember 2026.
Stillinga har som oppgåve å være rådgjevar for bunadtilverkarar, studentar og andre innan drakthistoriske emne, rekonstruksjon og praktisk bunadtilverking. Arbeidet omfattar praktisk rettleiing og undervisning på kurs. Det er venta at vedkommande kan arbeide med analyse, registrering og måltaking av plagg, både på feltarbeid og på instituttet. I tillegg skal vedkommande ha oppsyn med mønsterarkiv og stoffprøvearkiv, og forvalte tilveksten til desse.
NBF sitt arkiv består mellom anna av 86 000 registreringar av plagg frå alle delar av landet. Desse blir i dag forvalta i Primus, som er musea sitt digitale verktøy for samlingsforvaltning. For å kunne utøve stillinga er det avgjerande å kunne arbeide noko i Primus, eventuelt etter opplæring.
Søknadsfrist: 9. januar 2026
- 1/1