Fredag 1. august inviterer Valdres Historielag og Valdresmusea til teater på Trykkeriet og open dag på museet.
Du er velkomen!
MEMENTO MOR DI
Fredag 1. august kl. 19.00 inviterer Valdres Historielag og Valdresmusea til teaterstykket Memento Mor Di på Trykkeriet kulturarena på Fagernes. Alle er hjarteleg velkomne!«Memento Mor di» er eit musikalsk teater om dei som reiste frå alt; somme med hjarta fylt av eventyrlyst, andre av sorg. Alle med håp. I stykket møter vi Marit og Gul. Dei kjem frå kvar sin utkant i Valdres og møtest på Bragernestorget våren 1851. Vi følgjer dei eit stykke på reisa over eit hav av draumar og kanalar av tvil, der døden rår seg sjølv og livet lever.Teateret blir framført av Åsgårdsreia teaterlag og er del av 200-årsmarkeringa for den fyrste utvandringa til Amerika.
OPE MUSEUM OG ETTERPÅLAG
Museet har ope heile dagen og er gratis for dei med billett til teaterforestillinga. Klokka 12.30 og 14.30 kan du vere med på omvising. Her blir det òg minikonsertar og sal av historiske tidsskrift frå Valdres Historielag sitt boklager.
Straks etter teaterforestillinga inviterer vi til teaterfest i festsalen på museet og samtale med skodespelarane i teateret. Kafeen held oppe og du kan kjøpe mat og drikke utover kvelden.