-
Brynhild Bye-Tiller
Tatreez er ein gamal broderitradisjon med djupe røter i palestinsk kultur og historie. Det blir vanlegvis brukt på thobe (palestinsk folkedrakt) og dekorative tekstilar. Kvart område i Palestina har sine eigne mønster. Som følgje av fordriving, okkupasjon og undertrykking har tatreez òg blitt eit viktig symbol på palestinsk identitet, tilhøyrsle og protest – både i Palestina og blant palestinarar verda over. Palestinsk broderi står på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.
Vi inviterer til ein verkstad med føredrag om identitet, tilhøyrsle og motstand. Det blir ei praktisk innføring i tradisjonelt palestinsk korsstingsbroderi (tatreez fallahi). Deltakarane på verkstaden kan velja mellom ulike motiv dei ønskjer å brodera, og laga buttons.
Det blir servert palestinsk te under arrangementet.
TID: Laurdag 31. januar 2026 kl. 11.00-14.30
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
Arrangementet er gratis. Vi oppfordrar til å støtte det gode arbeidet ved å vippse til .... (Vippsnummer kjem snart)
Litt om arrangørane bak konseptet «Tatreez og te»
Samiha Nejmi er palestinar og vaks opp i Libanon. Ho har arbeidd som tatreez-lærar for organisasjonen Beit Atfal Assomoud i Libanon.
Leila Restan er norsk og palestinsk. Ho er samfunnsvitar og interessert i palestinsk historie og kultur. Ho arbeider med instagramkontoen @mittpalestina.
Gada Azam er statsvitar og aktivist. Ho er tatreez-entusiast og samlar på palestinske thobes. Ho arbeider òg med instagramkontoen @mittpalestina.
Kristin Sunde er landskapsarkitekt og budde i Betlehem hausten 2018. Ho arbeidde frivillig for Palestine Museum for Natural History, og der lærte ho seg tatreez.
--
«Tatreez & Te» har blitt gjennomført i Oslo, Trondheim, Steinkjer, Fredrikstad, Sarpsborg, Moss, Hole, Larvik og Lillehammer med stor suksess. Namnet er inspirert av instagramkontoen tatreezandtea, som blir driven av amerikansk-palestinske Wafa Ghnaim.