Hopp til hovudinnhald

Talegåva

Foredrag og jubileumsmarkering for Ragnhild Kaata (1873-1947)

  • Døvblinde Ragnhild Kåta tar på munnen til lærar Elias Hofgaard
    Ragnhild Kaata og Elias Hofgaard Inger Barth

Jenta på fotografiet under har på seg ei brosje. Valdres Folkemuseum får no denne nåla i gåve. Eigaren var den døvblinde husmannsjenta Ragnhild Kaata frå Røn. 

I år er det 150 år sidan Ragnhild Kaata vart fødd. I løpet av året har jubileet blitt feira stort med ein heildags fagkonferanse på Hamar og storvegs markering på Eikholt Ressurssenter for Døvblinde på Konnerud i Drammen. No markerer vi også jubileet på Valdres Folkemuseum. Kva er det som gjer at ei fattig husmannsjente frå Valdres får slik merksemd?

Forteljinga om det amerikanske vidunderbarnet Helen Keller er kjent over heile verda. Gjennom bøker og filmar har fleire generasjonar late seg trollbinde av den døvblinde jenta som trossa handikappa sine og braut «isolasjonens lydmur».  Men det var Ragnhild Kaata, ei fattig døv og blind husmannsjente frå Røn i Valdres, som først gav Helen Keller talegåva. Saman fann Ragnhild og læraren hennar på Hamar Døveskole fram til ein metode som gav stemma luft og fingertuppane lyd. No har Hilde Diesen skrive biografi om den døvblinde Ragnhild Kaata (1873-1947), pioneren Elias Hofgårds pedagogikk — og korleis alle sansar, også dei fråverande – vart tatt i bruk i kampen mot kunnskapsmangel og menneskeleg isolasjon. 

For nokre år sidan heldt Hilde Diesen foredrag på Valdres Folkemuseum medan ho samla stoff til biografien om Ragnhild. Tysdag 24. oktober kl. 19.00 kjem Diesen for å halde foredraget «Talegåva». Brosja blir stilt ut under arrangementet. 

 Velkomen!

TID: Tysdag 24. oktober 2023 kl. 19.00
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 100
ARR: Valdresmusea

  • 1/3
  • 2/3
  • 3/3
    Hilde Diesen
Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2