Hopp til hovudinnhald

Skifertekking

Kurs

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
19. – 21. juni 2026
09.00 – 16.00
gamal bygning med stillas rundt ved vatnet Odd Arne Rudi

Kursinnhald

Tekkinga skal skje på Klavesneihuset på Valdres Folkemuseum.

 

Program

Arbeidsdagen startar kl.9.00 med avslutning 16.00.
Sundagen slutter me 15.00 etter at me har rydda opp.
Dugurd (lønsj) frå 11.30 på Fjordkafeen på museet.

 

Fyrste dagen tek til med velkomst og presentasjonsrunde, i tillegg til litt praktisk informasjon. Det skal arbeidast på stillas, og det vert ein liten gjennomgang i korleis ein oppfører seg her. Det blir mest praktisk arbeid, lekting og tekking, med litt teori når det er naturleg.

Fakta

TID: 19.-21. juni 2026 (24 timar)
STAD: Valdres Folkemuseum
INSTRUKTØR: Bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi
PRIS: 3300 (standard) 
Kr 3100 for medlemmer av Verne-Vøla
Kr 3100 for dei med årskort til Valdresmusea
Kr 1600 for dei under 26 år​ (PS: Ungdomsprisen er sponsa litt ekstra)
MÅLGRUPPE: Huseigarar, handverkarar og andre interesserte. Kurset passar for alle som er interessert i tradisjonshandverk, uansett fagleg nivå.
ARRANGØR: Valdresmusea
PÅMELDINGSFRIST: 10. juni

Ta med hamar, hjelm om du har, om ikkje har museet til utlån, tommestokk, blyant, sitteunderlag sag og ei lita øks.

Med atterhald om endringar.

Takk for at de vil vera med på kurset og velkomne skal de vera!

Foto frå tidlegare kurs

  • 1/4
  • 2/4
  • 3/4
  • 4/4