Velkomen til foredrag om stirydding v/Geirr Vetti.
STAD: Valdres Folkemuseum
TID: Måndag 17. februar 2020 kl. 19.00
INNGANG: Kr 100
ARR: Valdres historielag, Verne-Vøla og Valdres Rotary
Biletet er frå Kvamskleiva og er teke av Sverre Hjørnevik for Statens Vegvesen etter stiryddinga av kongevegen.
Vetti er godt kjend over det ganske land med sine mange bidrag for at folk flest skal kunne koma seg ut i naturen på ein trygg og god måte, utan at slitasjen på fjell og myr skal bli for stort. Gjennom fleire sesongar har han ved hjelp av sherpaer frå Nepal sat i stand og bygd trapper og stigar for at vi skal kunne koma oss ut.
Han er også godt kjend i bygningsvernmiljøet, han har blant anna sett i stand garden Skåri i Skjolden i Sogn. I 2012 fekk han Riksantikvaren sin kulturminnepris for sin ekstraordinære innsats.
No har Vetti etablert seg i Valdres, og tek måndag 17. februar turen til Valdres Folkemuseum for å fortelja om sitt arbeid, også her i Valdres.
Vetti vil mellom anna fortelja om den store jobben det var å setja i stand garden Skåri. Han har også vore på besøk i høglandet Nepal, hjå dei flinke folka han leiger inn derifrå.
Føredraget går over to timar, medrekna kaffipause, og det kostar ein hundrelapp å gå inn. Verne-Vøla, Valdres Historielag og Valdres Rotary er arrangørar.