Hegge stavkyrkje Nina Espeseth Grønbrekk
Kyrkja som læringsarena
Kva skjer når ungdom får utforske kulturarven der dei bur?
Hausten 2026 fekk elevar på 10. trinn ved Øystre Slidre ungdomsskule bruke Hegge stavkyrkje, bygda og landskapet rundt som utgangspunkt for eit tverrfagleg undervisningsprosjekt. Målet var ikkje berre å lære om stavkyrkja, men å la elevane sjølve utforske spor etter menneske, samfunn og endringar over tid.
Kyrkja vart brukt som inngang til kulturhistorie, kunst, arkitektur, handverk, tru, samfunn og lokal identitet. Piloten vart utvikla i samarbeid mellom Valdresmusea, skulen, kyrkjekontoret og kulturavdelinga i Øystre Slidre kommune.
Frå fagkunnskap til eiga utforsking
Prosjektet starta med at elevane besøkte Hegge stavkyrkje. Her fekk dei bli kjende med kyrkja på ulike måtar, med orgelmusikk frå organist Magne Olav Selland og guiding ute og inne ved kyrkjetenar Jon Gunnar Solhaug og nabo Ola Kristian Robøle Hegge. Slik fekk elevane også møte lokal kunnskap frå menneske med nær tilknyting til kyrkja og staden.
Seinare møtte dei fagfolk som opna andre inngangar til historia om kyrkja og kulturmiljøet rundt. Gravferdskonsulent Henning Andersen fortalde om eldre gravferdsskikkar, medan bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi gav innblikk i lafteteknikk og skifertekking
Deretter valde elevane sjølve kva dei ville fordjupe seg i og korleis dei ville presentere arbeidet. Det resulterte i mange ulike arbeid: Nokre bygde miniatyrmodellar av kyrkja og stupulen, andre laga film om kyrkja og interiøret. Det vart også laga masker med utgangspunkt i dei gamle utskorne maskene i kyrkja og presentasjonar om mellom anna gravferdsskikkar.
Elevane i arbeidslivsfag tok utforskinga vidare ut i landskapet. Dei starta rydding av ein gammal ferdselsveg frå Sæle gard på Heggenes til Hegge stavkyrkje. Vegen kan etter kvart bli merkt og få kvilebenkar laga av elevar ved skulen.
Kyrkja som del av eit større kulturmiljø
Prosjektet viser korleis ei mellomalderkyrkje kan vere ein inngang til historia om menneska som har levd her, handverket dei meistra, vegane dei ferdast på, landskapet dei brukte og samfunnet kyrkja har vore ein del av.
Dette perspektivet står sentralt i Kunnskapsløft for mellomalderkyrkjene i Valdres. Kyrkjene skal sjåast som delar av levande kulturmiljø, i samanheng med landskap, ferdselsårer, lokal kunnskap, kyrkjeleg bruk og livet i bygdene.
Piloten på Hegge viser kva som kan skje når skule, kyrkje, museum, kommune, lokalkjende og fagfolk samarbeider om den lokale kulturarven.
Erfaringane skal brukast vidare i arbeidet med undervisning og formidling knytt til mellomalderkyrkjene i Valdres. Valdresmusea er ope for fleire samarbeid med skular og lokalsamfunn, med utgangspunkt i andre mellomalderkyrkjer og kulturmiljø i regionen.
Sjå kva elevane laga
Elevane har laga modellar, teikningar, masker, filmar og presentasjonar med utgangspunkt i det dei sjølve valde å undersøkje. Produkta er stilte ut i resepsjonsområdet på kommunehuset i Øystre Slidre og blir ståande fram til jul 2026. Alle som er interesserte, er velkomne til å kome innom.
Nokre av arbeida kan du også sjå her på nettsida. Dei dannar starten på ei digital utstilling som etter kvart kan vekse med nye arbeid og perspektiv frå barn og unge som utforskar mellomalderkyrkjene og kulturmiljøa rundt dei.
- 1/13
- 2/13
Øystein Skattebu - 3/13
- 4/13
Øystein Skattebu - 5/13
- 6/13
Øystein Skattebu - 7/13
- 8/13
Nina Espeseth Grønbrekk - 9/13
Døypefonten i Hegge stavkyrkje Anne Marit Noraker - 10/13
Anne Marit Noraker - 11/13
Anne Marit Noraker - 12/13
Detalj frå portalen i Hegge stavkyrkje Anne Marit Noraker - 13/13
Detalj frå altertavla i Hegge stavkyrkje Anne Marit Noraker