Åse Østgård Hagen frå Sør-Aurdal historielag viser fram bok som har fått støtte frå Sørlie-legatet. Bak står museumstilsette og heier på prosjektet. Foto: Ole Aastad Bråten
Om Sørlie-legatet
Sørlie-legatet lyser ut midlar til arbeid som fremjar gransking av gamal Valdres-kultur, eller trykk av faglege publikasjonar.
"Professor Mikjel Sørlie og fru Aslaug Sørlies legat til gransking av gammal Valdreskultur STI" lyser ut midlar til arbeid som fremjar dokumentasjon og gransking av eldre kultur i Valdres, eller trykk av faglege publikasjonar.
I § 5 i vedtektene heiter det at: "Vi legg stor vekt på at rentene av legatet blir brukt til å fremja kvalifisert granskararbeid (herunder også språk- og stadnamnstudiar) og eventuelt til prenting av faglege publikasjonar ved museet."
Styret kunngjer legatet på høveleg vis med ujamne mellomrom, mellom anna på denne sida. Tidspunkt for neste utlysing er ikkje bestemt. Søknad om tilskott skal då sendast til Valdresmusea, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes.
Legatets styre
Ole Aastad Bråten (styreleiar og kontaktperson), tlf. 907 63 635
Nils Rogn, styremedlem
Heidrun Sørlie Røhr, styremedlem
Desse fekk i dei siste rundene:
2026:
- Marianne Granheim Trøyflat og Absolutt forlag: Bok om rockehistoria i Valdres, kr 7500
- Media Sync AS: Dokumentarfilm om nasjonale kunst- og kulturskattar oppbevara i Valdres under 2. verdskrigen, kr 10 000
- Kirsten Inga Kamrud, Nord-Aurdal Mållag og Kvitvella Forlag: Bok om segnomsuste steinar, kr 7500
- Songgruppa Treak v/ Marit Karlberg: Songutgjeving, kr 10 000
- Bjørn Strand: Bok om hallingdansen, kr 7500
2025:
- Røn sokneråd: Hefte om kyrkjer 5 000
- Nord-Aurdal mållag: Bok om brøtning, kr 15 000
- Talik: Bok om Olav Moe, kr 20 000
- Kirsten Inga Kamrud: Bok om merkesteiner, kr 10 000
- Valdres Veteranklubbs Venner: Bok om veteranbiler, kr 5 000
2024:
- Kvitvella forlag: Berit på Pynten, kr 10 000
- Namn i Øystre Slidre, kr 20 000
- Inger Marie Vingdal: Budeiene, kr 20 000
- Anne-Mette Strand: Opprør i 1818, kr 20 000
2022:
- Torill Thømt: Smijern i mellomalederen, kr 30 000
- Sør-Aurdal historielag: Skogskoier i Sør-Aurdal, kr 10 000
- Torleiv Bolstads minneskrift, kr 30 000
2019:
- Kolbein Dahle, arbeid med bok om byggjeskikken i Valdres, kr 100 000
2015:
- Skald forlag; bokprosjekt om drakttradisjonane i Valdres; kr 15 000
- Hegge sokneråd; bokprosjekt om Heggekyrkja; kr 15 000
2013:
- Gunnar Hauge: Bok om Grunke, kr 15 000
- Magny Karlberg: Frå Versailles til Valdres, kr 15 000
- Hedalen helselag: Om helselagets historie, kr 5000