Sommar på museet

Museet_2018_web_Foto_Anne_Marte_Foer-11.jpg

Omvising i friluftsmuseet; om gardsliv og tradisjonskultur. Minikonsertar med folkemusikk og dans. Handverk, forteljingar og dyr på beite.

FRILUFTSMUSEET: Du kan vandre mellom over hundre antikvariske hus og anlegg. Talentfulle ungdomar svingar seg i dansen etter tonane frå hardingfela og langeleiken. Griser, høner, sauer og kyr går i utmarksområdet i høgsesongen.  Filmframsyning, stylter eller ein tur langs naturstigen passer både barn og vaksne. Ofte sit budeia på stølen, eit besøk i selet hennar er gjerne høgdepunktet for små og store. Kan hende finn du ein tunvert med handverkskunnskap, fortjeljarevne eller varm kaffikjel.

OMVISING: Guida vandring i friluftsmuseet, ute og inne i fleire av dei gamle husa. Tema er gardsliv og tradisjonskultur i Valdres. Omvisinga varer om lag ein time og inkluderer som regel folkemusikk og dans.

UTSTILLINGAR: I utstillingane kan du mellom anna lære om nasjonalisme, kongevegen, langeleiken, bunadar og stavkyrkjer. 

KMuseumsbutikken byr på eit godt utval av lokal folkemusikk, bøker og handverksprodukt. I museumskafeen kan du få deg eit måltid eller ein kopp kaffi.