Valdresmusea søker museumsvertar, omvisarar, folkemusikarar, folkedansarar, budeier og unge handverkstalent. Har du kulturhistorisk interesse, god serviceinnstilling og glede av å formidle?
Vi treng folk som kan jobbe på alle våre tre avdelingar; Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling eller Bautahaugen Samlinger.
Til Valdres Folkemuseum oppfordrar vi særleg folkemusikarar/-dansarar til å søke. Det same gjeld ungdom som vurderer eit vaksenliv som tradisjonshandverkar. Vi har særleg for behov for tilsette i sommarferien, men ser også etter nokon som kan jobbe vår og haust.
Søknadsfrist: 23. februar 2026
Har du spørsmål: Kontakt One Enerud tlf. 450 14 046 / folkemusikk: Frank Rolland telefon 906 32 556 / handverk: Tonette Eberspacher tlf. 480 72 651. Send søknaden til info@valdres.museum.no eller Valdresmusea as, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Endre og Ingvild om sommarjobben på museet i 2025:
"Jobben vår som folkemusikarar på museet har vore å underhalde dei besøkande som kjem dit. Vi fortel, syner fram, speler, syng og dansar. Slik ynskjer vi å lære publikum litt om tradisjonane våre. Guidane kjem også innom oss med grupper. Det er artig å få vere ein del av omvisinga og få vise turistane kva Valdres Folkemuseum har å by på. Om du korkje dansar, speler eller syng, har museet også mange andre oppgåver der du kan vere ei del av turistane si sommaroppleving."
- 1/14
- 2/14
Anne-Marte Før - 3/14
- 4/14
- 5/14
- 6/14
- 7/14
- 8/14
- 9/14
Armann Martesønn Kippersund - 10/14
- 11/14
- 12/14
- 13/14
- 14/14
Anne-Marte Før