Hopp til hovudinnhald

Ta vare på dei gamle husa

Instruks for sommartilsette

  • Kvinne som tørker støv rundt eit vindauge

Vær varsam med gitteret

Ikkje plasser dørgitteret inntil måla interiør, overflater og veggar. Mykje av interiøret har merke etter plassering av slike dørgitter. Legg alltid noko mjukt mellom gitteret og interiøret dersom du ikkje finn andre løysingar. 

Ingen stearinlys

Bruk av eld og flamme ugjer ei betydeleg brannfare og er forbode. Stearinlys, fakkelboksar og fyring i peisen kan berre skje etter avtale med kontaktperson. Stearinlys og stearinsøl er dessutan ei attraktiv næringskjelde for skadedyr. Til erstatning for stearinlys brukar vi ledlys. Gje beskjed dersom det trengs fleire slike lys i husa.

Ikkje sit eller ligg i sengene

Ikkje ligg i sengene. Interiøret og tekstilane er skjøre og kan bli øydelagde ved bruk.

Ikkje legg noko i skåpa

Skåp og interiør har stått lenge på museet - og det har vore i bruk av mange. Derfor er det gjerne skadar og flekkar på mykje av interiøret; skåpdører er lause og hengsler er øydelagde. For å sikre interiøret for framtida må vi derfor redusere bruken. I skåp og på hyller har det tidlegare vore muselort og musegift, derfor bør heller ikkje hyllene og skåpa takst i bruk.

Hald personlege eigendeler samla og skjult

Ikkje gøym personlege ting rundt omkring i huset, men hald det samla og ta det med deg att når du går. Legg instrumentskrin på lite synlege plassar i kleven/bakrommet. 

Hald huset reint og ryddig

Støv, skit og rot er korkje hyggeleg eller bra for samlinga. Bruk feiebrettet og kost golvet kvar dag, også i gangen og svalgangen. Kost forsiktig av støvete gjenstandar, men la dei gjenstandane som lett kan øydeleggjast stå i fred. Ver forsiktig med bruk av klut, spesielt på overflater som «luggar» når du tørkar. I hus der det ikkje er innlagt vatn, skal vatn berre brukast etter avtale.

Ikkje flytt på gjenstandar

Museumsgjenstandane skal ikkje flyttast utan avtale.

Pass på at gjestane er aktsame med gjenstandane 

Sjå til at gjestene ikkje løftar og flyttar på gjenstandane, sit i sengene, søler mat og veske på interiøret eller golvet,  eller legg att søppel rundt om i huset. 

Lås alltid

Gå aldri frå ein bygning ulåst. Besøkande skal aldri vere i bygningen åleine.

Kontaktperson

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2