Hopp til hovudinnhald

Smikurs for nybegynnarar

På Valdres Folkemuseum

KURSINNHALD

Velkommen til nybegynnarkurs i smiing. Om du er jente eller gut, vaksen eller ungdom over 13 år - ja, så passar kurset like godt! Det bli smiing frå dei enklaste krokar til meir kompliserte ting etterkvart, avhengig av ditt eige nivå. Har du litt erfaring med smiing? Vi arrangerer også kurs for dei med litt erfaring dei same vekene.

SMIING FOR NYBEGYNNARAR

INSTRUKTØR: Smed Knut Olav Dokken

TID: 9., 16., 23. januar kl. 18-22 og 27. januar kl. 9-16 (3 kveldar + 1 dag) (18timar)

STAD: Valdres Folkemuseum

PÅMELDINGSFRIST: 28. desember

PRIS: Under 26 år kr 1.500, vaksen kr 3.200 (rabattpris: 2.500 for medlemmer av Verne-Vøla). Prisen inkluderer materiell. PS: Ungdomsprisen er sponsa litt ekstra.

MÅLGRUPPE: Alle over 13 år, med og utan smierfaring.

ARRANGØR: Valdresmusea

Med atterhald om endringar

Spørsmål og påmelding

til Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar
Epost: odd.arne.rudi@valdres.museum.no
Tlf: 61 35 99 07 / 976 89 065
Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes

NB: All påmelding må gå direkte til Odd Arne. Det er ikkje nok å trykke "kjem" på Facebook.

BETALING til konto nr 2070 05 01524, merk med tittel på kurset. 

  • 1/1
  • 1/2
  • 2/2
    Foto: Anne Marit Noraker
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1