Hopp til hovudinnhald

Slipekurs

På Valdres Folkemuseum

Bilete av sliping av øks på slipestein

KURSINNHALD

Har du skarpt verktøy går arbeidet som ein leik! Velkommen til helgekurs i sliping av verktøy. Skal arbeidet bli bra må du ha reiskap som bit. Altfor ofte er det dårleg egg på bila, øksa eller kniven. Men dette går det an å gjera noko med. Instruktørar er handverkar Håvar Aabol, instrumentmakar Knut Opheimsbakken og museumsbonde Fredrik Calmeyer. Dei skal visa oss korleis ein egg blir skarp, gjerne med litt forskjelleg tilnærming.

Fakta om kurset

INSTRUKTØRAR: Handverkar Håvar Aabol, instrumentmakar Knut Opheimsbakken og museumsbonde Fredrik Calmeyer

TID: 10. og 11. februar frå 9.00 til 15.00. Det blir servert lunsj.

STAD: Valdres Folkemuseum

PÅMELDINGSFRIST: 31. januar

PRIS: Under 26 år kr 1.200, vaksen kr 3.000 (rabattpris: 2.300 for medlemmer av Verne-Vøla). Prisen inkluderer materiell. PS: Ungdomsprisen er sponsa litt ekstra.

MÅLGRUPPE: Kurset passar for alle over 13 år, anten du har erfaring eller ikkje.

TA MED: Ta med det du vil ha slipt, økser og knivar, hoggjern og bile. Om du har slipeutstyr du ynskjer å ta med, gjer gjerne det.

ARRANGØR: Valdresmusea

Med atterhald om endringar

Spørsmål og påmelding

til Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar
Epost: odd.arne.rudi@valdres.museum.no
Tlf: 61 35 99 07 / 976 89 065
Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes

NB: All påmelding via påmeldingsknappen under eller ved å kontakte Odd Arne. Det er ikkje nok å trykke "kjem" på Facebook.

BETALING til konto nr 2070 05 01524, merk med tittel på kurset. 

Om instruktørane

Handverkar Håvar Aabol er hovedinstruktør og er med oss heile samlinga. Han vil visa oss korleis eggen skal bita, og det blir god tid til eigentrening.

Instrumentmakar Knut Opheimsbakken kjem innom og vil visa oss korleis me kan setja opp sikling og anna eggverktøy slik at han får overflater me tidlegare berre har drøymt om, og som han sjølv må ha når han lagar og set i stand feler.

Museumsbonde Fredrik Calmeyer syner oss korleis han får bet i ljåen ved å banka han. Ein gamal teknikk som er lite kjent, men som gjer at enga legg seg som ho skal.

Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1