fakta
KURSINNHALD: Skal arbeidet bli bra må du ha reiskap som bit! Altfor ofte er det dårleg egg på bila, øksa eller kniven. Men dette går det an å gjera noko med! Handverkar Håvar Aabol vil læra bort korleis me oppnår akkurat dette. Instrumentmakar Knut Opheimsbakken vil i læra oss korleis me kan setja opp sikling og anna eggverktøy slik at han får overflater me tidlegare berre har drøymt om, og som han må ha når han lagar feler og andre instrument. Museumsbonde Fredrik Calmeyer syner oss korleis han får bet i ljåen ved å banka han. Ein teknikk som er lite kjent, men som gjer at enga legg seg som ho skal. Det vert kaffi og litt å bite i.
TID: 11. og 18. oktober 2023 kl. 19.00-22.00 (6 timar over to onsdagskveldar)
STAD: Valdres Folkemuseum
INSTRUKTØRAR: Håvar Aabol, Knut Opheimsbakken og Fredrik Calmeyer
TA MED: Ta med det du vil ha slipt, økser og knivar, hoggjern og bile. Om du har slipeutstyr du ynskjer å ta med, gjer gjerne det!
ARRANGØR: Valdresmusea
PRIS: Kr 1.200 (rabattpris kr 1000 for medlemmer av Verne-Vøla og dei med årskort til Valdresmusea, betalast inn på konto 2070 05 01524 ved påmelding. Merk «Skogsamling»)
PÅMELDINGSFRIST: 18. september
Med atterhald om endringar
Spørsmål og påmelding
til Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar
Epost: odd.arne.rudi@valdres.museum.no
Tlf: 976 89 065
Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
NB: All påmelding må gå direkte til Odd Arne. Det er ikkje nok å trykke "kjem" på Facebook.
BETALING til konto nr 2070 05 01524, merk med tittel på kurset.
- 1/1