Hopp til hovudinnhald

Slik feira dei jul
v/Oddgeir Bruaset

Tysdag 3. desember kjem foredragshaldaren, TV-mannen og  forfattaren Oddgeir Bruaset til Valdres Folkemuseum har å halde foredrag, og det er jula som står i sentrum denne kvelden. Han har skrive bok om juletreet og den 500 år lange historia det har bak seg. Han har skrive fleire bøker om julesongane våre, ettersom mange av dei mest kjende er blitt til på forunderleg vis.

Ikkje minst har han skrive ei bok han kalla Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Den handlar om julefeiring og juleskikkar på avsidesliggjande stader i fortid og notid, og ho er full av både rørande og fornøyelege julehistorier. Det er dette han vi fortelje om når han kjem til Valdres. «Er folk som bur langt utanfor allfarveg, flinkare til å halde fast på dei gamle juletradisjonane, eller er utkantfolket også blitt meir opptekne av trendar enn tradisjonar?» spør han, og han gjev sjølv svaret.

I tillegg til det timelange foredraget viser han illustrerande bilete. Dessutan kan det bli ei spennande historie om ein julesong eller to. Etter foredraget blir det høve til å kjøpe bøker, gjerne med ei personleg helsing attåt. Det blir pause og allsang.

TID: Tysdag 3. desember 2024 kl. 19.00
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
PRIS: 140 kr (gratis for medlem av vennelaget)​
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum

Fjordkafeen er open før foredraget, kjøp gjerne middag eller kaffi.

Billettsal i døra, fyrstemann til mølla.

Museum24:Portal - 2024.10.30
Grunnstilsett-versjon: 1