Hopp til hovedinnhold

Open skogdag

Hogst på gamlemåten på Valdres Folkemuseum

Velkomen til open skogdag på gamlemåten med hogst og hest, øks og sag. Valdres Folkemuseum, laurdag 16. februar, kl.10.00-15.00. Arr: Valdresmusea og Fagskolen Innlandet

PROGRAM:
- Tømmerhogst med øks og svans.
- Sleping av tømmer med hest til festplassen på museet.
- Vidarebehandling ved teljing og skjering med sag på sagstilling
- Bli med i skogen og ver med å vurdera kva tømmer som høver til dei oppgåvene som skal utførast. Særleg gledeleg vil det vera om nokon som har erfaring med slikt arbeid frå den gong dette var vanleg vil vera med oss denne laurdagen.
- Servering av kaffi frå svartkjelen rundt bålpanna på festplassen, der me håpar på gode samtalar om tida i skogen i tidlegare tider.

OM FAGSKOLEN:
Samlinga blir til i samanheng med at Fagskolen Innlandet har ei av samlingane sine på Valdres Folkemuseum. Andre samlingar vert halde i Telemark og på Røros. Fagskolen Innlandet har eit landsdekkande tilbod til dei som vil læra om tradisjonshandverk, kva som er bra for gamle hus, og kunsten å ta vare på dei og setja dei i stand på ein best mogleg måte. Ei istandsetjing krev gode kunnskapar både til materialkvalitetar, skikk og bruk, stilartar og ikkje minst utøving av det tradisjonelle handverket. Det meste kan gjerast med enkle handverktøy. Ei god istandsetjing krev også respekt for det som er skapt av dei som var før oss, og med respekt for hus og handverk. Dette er det studentane på Fagskolen Innlandet lærer noko om det året studiet held på. Dei fleste som er med er handverkarar med ei viss erfaring, nokre er også tilslutta museum rundt om i landet.

FOTO:
Kristian Brenden køyrer ut tømmer med hest på Hougsrudmarka i Sør-Aurdal. Fotograf: Per Listerud. Bagn Bygdesamling BV 83-324.

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1