Hopp til hovudinnhald

Skogbrukshistoria i Sør-Aurdal

tømmerbil med tømmer

TIDLaurdag 3. august 2024 kl. 13 

TEMA: Skogbrukshistoria i Sør-Aurdal, skogsbygda som førde oss inn i europeisk og norsk historie. Kåseri om skogshistoria og skogens betydning.

STAD: Bagn Bygdesamling


Tradisjonslaurdagar på Bagn Bygdesamling 2024

Kvar laurdag i sommar inviterer guiden på Bagn Bygdesamling til ulike tema og foredragshaldarar. Det blir òg vist fram bilete og gjenstandar knytt til tema. Dette startar kl. 13.00 og varar ein times tid. 

Laurdag 6/7

Tømmerfløyting i Buvassfaret. Visning av Gudbrand O. Waagaard sin film frå ca. 1950 frå Buvassfaret i Sør-Aurdal. Ole Erik Waagaard vil kommentere.

Laurdag 13/7

Islandsmo-familien. Hans Olav Leite og Trond Bråten fortel om Olaus Islandsmoen, som grunnla både Bagn Bygdesamling og Hadeland Museum, og hans bror Sigurd, komponist og musikar. Museet har mange gjenstandar og arkiv etter desse to.

Laurdag 20/7

Betydning av sætring og bruk av utmark i gamle dagar. Bygdehistorikar Kristian Berglund fortel.

Laurdag 27/7

Krigshistoria i Bagn. Det var her ved Islandsmoen at dei harde kampane i Bagn våren 1940 starta. Orientering om hendingane og omvising i den rikhaldige krigsutstillinga på museet. Vising av filmar frå kampane.

Laurdag 3/8

Mikkjel Fønhus: Kåseri om hans liv og forfattarskap, ikkje minst historia om «Norges første naturvernar». Mikkjel var frå bygda og henta mykje av sin inspirasjon frå naturen i Sør-Aurdal.

Laurdag 10/8

Skogbrukshistoria i Sør-Aurdal, skogsbygda som førde oss inn i europeisk og norsk historie. Kåseri om skogshistoria og skogens betydning.

Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 1