Kursinnhald
Tømmer i skogen blir materialar til huset
I løpet av kurset ser me på variasjonar i ein skog i Begnadalen, og me kan venta oss å finna seinvokse virke av god kvalitet.
Kva kan me lesa av treet når det står på rot, kva type materialar kan me få av desse ranke flotte gran- og furu-stammane. Og kva kan den krokete furua nyttast til? Når på året skal hogst skje, og kor gamalt bør treet vera? Kva er materialkvalitet? Det blir diverse aktivitar i skogen; felling med øks og svans, teljing og saging, bål og vandring i skogen.
Instruktørar og medverkande: Med Jon Bojer Godal, Steinar Moldal, Knut Lundem Hougsrud, Gjermund Andersen, Jon Rørvik og Kai Olav Vassenden med hestane Mabell og Merkur.
Kurset skulle gå i september 2026.
AVLYST- grunna for få påmeldte
Om bidragsytarane
Steinar Moldal: Kulturarvbærar, formidlar og tømrermester. Har skrive menge fagbøker.
Jon Bojer Godal: Formidlar av tradisjonsboren handverkskunnskap. Har særleg arbeid med bruk av tre i hus og båter. Har skrive mange fagbøker.
Knut Lundem Hougsrud: Skogbrukar og driv bedrifta Grån AS.
Gjermund Andersen: Skogteknikkar, tidlegare tømmerhoggar, leiar i skogsutvalet i Naturvernforbundet. Har skrive boka "Nytt skogbruk!".
Jon Rørvik: Ivrig hesteeigar, og ikkje minst hestebrukar! Lang erfaring med bruk av hest både i landbruket og i skogen.
Kai Olav Vassenden: Ivrig hestekar. Lang erfaring med bruk av hest både i landbruket og i skogen.
Mabell og Merkur, hestane til Jon: Dette er store og solide hestar av typa Svensk Ardenner med lang erfaring i mangt slag arbeid.