Skarke 2021

Skarka_Foto-_Anne_Marte_For-8831.jpg (Foto/Photo)

MØTE MELLOM GENERASJONAR

  • Lær om gamle førjulstradisjonar
  • Høyr lyden av dombjeller, forteljingar, julesongar og folkemusikk
  • Bli med på fjøsnisseomvising, kanefart og juletrepynting
  • Lag julepynt og sopelime
  • Sjå demonstrasjon av handverk
  • Kjøp julegaver og mat til julebordet på førjulsmarknaden
  • Opplev vennelagsbasar, kl. 15.00
  • Her er julebakst, rakfisk, vilt, sylte, kurv, ost, lefse, sylv, keramikk, trearbeid, skinnarbeid, fugleband og mykje anna
  • Open museumskafé og utandørs matsal på festplassen
  • Parkering ved Valdres Folkemuseum og i parken på Fagernes

STAD: Valdres Folkemuseum

TID: Sundag 5. desember 2021 Kl 12.00-16.00

Billettar


Billettpris: Familie (2+2) kr 300 / Vaksne kr 120 / Barn kr 60 / Seniorar kr 80

Kva er skarke?

Tida før jul blir kalla skarke i Valdres. Då førebur vi oss til jul med bakst og rundvask. På Valdres Folkemuseum tenner vi fjøslyktene, koker kaffi og steller i stand til god, gamaldags førjulstid. Det har vi gjort kvart år sidan 1994. Alltid første sundag i desember.

  •  (Foto/Photo)
    1/1
    Foto: Anne-Marte Før

Godt samarbeid

Vi takkar alle som er med oss ved Valdresmusea å skape Skarke på Valdres Folkemuseum, og då særleg Vennelaget for Valdres Folkemuseum og deira basargjeng! Ta kontakt om DU vil vere med å bidra neste år.