VISNINGSTID: 17. juni - 17. september 2023
STAD: Valdres Folkemuseum, Slidrehuset
Tradisjonsrike plagg kan skape sterke kjensler av tilhøyrsle, men også av utanforskap. Kva kjensler vekker dei i deg?
Kulturar over heile verda har i tusenvis av år brukt tekstilar, mønstre og fargar for å fortelje noko om kven dei er og kvar dei kjem frå. Plagg, tilbehør og reidskap kan vere kjelder til djupe røter om tilhøyr, identitet og skikkar, men dei kan òg brukast for å uttrykke politiske protestar og ideologiske tankar.
I denne utstillinga har seks samtidskunstnarar undersøkt ulike kulturar og tradisjonshandverk. Dei har vore i dialog med handverkarar og kunnskapsberarar, og skapt sine eigne tolkingar gjennom fotografi, vev, keramikk, støymusikk og dans.
Valdres Folkemuseum er den første av i alt åtte visningsstader for utstillinga, som dei kommande to åra skal reise på kryss og tvers av Noreg og Sápmi.
Kunstnarar i prosjektet er Harald Beharie, Lin Wang, Christian Blandhoel, Rafiki, Márjá Karlsen og Håvard Kranstad.
Arrangement
Om prosjektet
Skakke folkedrakter er eit turnerande forskings- og utstillingsprosjekt som er utvikla i samarbeid med blant andre Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Valdresmusea, Randsfjordmuseet, Museum Stavanger og Bodø kulturhovedstad 2024. Prosjektet er initiert av Nasjonalmuseet.
Les meir her
- 1/1