Hopp til hovudinnhald

Samarbeidet med ungdomsråda

Ungdomsråda i Valdres har fått 300 000 kr frå Innlandet Fylkeskommune til å utvikle møteplassar i neste skuleår.

  • Avisoppslag med gutt
    Even Dessau/Avisa Valdres

Det er Valdresmusea sitt prosjekt «Ung i dialogen» som har teke initiativ til det breie samarbeidet. Som prosjektleiar tok eg kontakt med alle ungdomsråda i Valdres for å høyre kva ungdommen sjølv tenkjer dei har behov for.

Tilbakemeldingane var tydelege på at felles møteplassar sto høgt på ønskelista. For at ungdomsråda ikkje berre skal bli symbol-råd, er det viktig at ein får til samhandling mellom ungdomsråda i kommunane. Her kan ein ha noko felles opplæring i politisk arbeid og påverknad. Ein kan også samkøyre seg på felles saker, som til dømes kollektivtrafikk-tilbod, som er ein gjengangar blant mange ungdomsråd. Kvar for seg er det kanskje ikkje så enkelt å arbeide inn mot fylket, saman kan dei stå langt sterkare.

I tillegg til reint fagleg og politisk samarbeid, ser ungdomsråda også behovet for å etablere felles sosiale og gratis møteplassar for alle unge i Valdres, frå ungdomsskulealder og oppover. Det er dette vi no har lagt ein plan for, og som utgjer grunnlaget for å søkje midlar hjå Fylkeskommunen. I søknaden bed vi om midlar til å utvikle og gjennomføre fleire møteplassar i skuleåret 2026-2027.

Søknaden har no utløyst full pott frå Ungdommens Livskvalitetsfond (ULF) på 50 000 kr per kommune, til saman 300 000 kr.

«Ung i dialogen» har teke på seg å bistå ungdomsråda i det vidare arbeidet med å realisere planane. Det vil bli både felles UR-møte med fagleg innhald, samt sosiale treff, både i første og andre halvår.