Hopp til hovudinnhald

Rotasjon

Ettermiddagsomvising med direktøren

  • Inngangspartiet til utstillinga Rotasjon
    Calle Huth

Velkomen til ettermiddagsomvising i utstillinga Rotasjon på Valdres Folkemuseum. 

Handverkaren er lekk i ei kjede – av menn og kvinner som har vove, skore og smidd. Alle står dei i ein intim og heimleg tradisjon. For meisteren viser veg, og eleven apar etter. Før søkte vi kunnskapen i bygda som vi kalla heime. I dag finn vi inspirasjon kor som helst. Kva er heime for deg? Kor finn du din tradisjon?

Utstillinga viser også korleis bunadane og tradisjonskulturen har vorte nytta til å fortelje noko om kven vi er som folk, og korleis bunadbruk og deltaking i tradisjonskultur har skapt store, homogene fellesskap, men også einsemd og smertelege utanforskap. Kva er ein nasjon for deg og kva vil vi at Noreg vera i framtida?

Det er direktør Ole Aastad Bråten som er omvisar.
Munkekroen er open for dei som ønskjer eit måltid før omvisinga.

Valdres Folkemuseum, onsdag 12. juli 2023 kr. 18.00.
Oppmøte ved resepsjonen.
Billettpris: Kr 100
Arr: Valdresmusea

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2