Rotasjon

Rotasjon - nye basisutstillingar

«Rotasjon» er namnet på eit utstillingsarbeid som har pågått ved Valdresmusea sidan 2017. «Rotasjon» rommar tre utstillingar: ei temporær utstilling, ei utstilling av drakter og gjenstandar frå Norsk institutt for bunad og folkedrakt, og ei utstilling med gjenstandar frå samlingane til Valdres Folkemuseum. Rotasjon er designa av arkitektkontoret Snøhetta, og støtta av Kulturdepartementet, Innlandet fylkeskommune, Norsk kulturråd, Stiftelsen Fritt Ord, Stiftelsen UNI og Stiftelsen Aunebu kunstsenter. Kommentarutstillinga er støtta av Norsk Kulturråd, Stiftelsen Fritt Ord og Oppland Fylkeskommune. 

Besøk oss

Utstillingane er opne for publikum kvar dag i museet si opningstid. Det er ikkje nødvendig å bestille plass på førehand. Du kan gå rundt på eige hand i trygge omgivnadar. Er det mange besøkande i utstillingane når du kjem du kjem, ber vi deg vente litt til det er trygt og lett å overhalde avstand. Gå gjerne ein tur i Noregs vakraste friluftsmuseum.