Hopp til hovudinnhald

Romani/tater-samling

Verksted

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
10. nov. 2026
11.00 – 15.00
Mann

Romanifolket/taterane har gjennom hundreår sett tydelege spor etter seg i Valdres. Samstundes er mykje av denne historia i ferd med å forsvinne. Med denne samlinga ønskjer vi å samle, dele og ta vare på kunnskap medan det framleis er mogleg.

Programmet tek utgangspunkt i både personlege forteljingar og større faglege perspektiv. Kai-Samuel Vigardt held foredrag om si eiga slekt og arbeidet med å dokumentere historia til romanifolket/taterane gjennom fleire generasjonar. Han gir eit levande innblikk i liv, reiseruter og tradisjonar, og viser korleis personlege erfaringar heng tett saman med lokalhistorie og kulturminne.

Vidare blir det presentasjon av prosjektet Passet påskrevet og orientering om arbeidet med eit nasjonalt kart over kulturminne knytte til romanifolket/taterane. Samlinga inneheld også eit musikalsk innslag.

Ein viktig del av samlinga er deltaking frå publikum. Vi ønskjer særleg å få fram lokal kunnskap og erfaringar, og oppmodar historielag og andre til å bidra med minne, stader og forteljingar frå lokalmiljøa. Slik kan samlinga bli eit møtepunkt der kunnskap ikkje berre blir formidla, men også delt og samla inn.

Samlinga er open for alle med interesse for lokalhistorie, og særleg relevant for historielag, museumstilsette og andre som arbeider med eller formidlar kulturarv.

Arrangementet er gratis, og det blir enkel bevertning.

Velkomen!

TID: Tysdag 10. november 2026, kl. 11-15
STAD: Valdres Folkemuseum
ARR: Valdresmusea, Innlandet fylkeskommune og Kulturarv Oppland
Gratis!

Påmelding innan 1. november til Magnhild Apeland: magape@innlandetfylke.no

(Dette er ny dato, arrangementet var fyrst planlagt tidligare i haust)

Om Kai-Samuel Vigardt og arbeidet hans

Kai-Samuel Vigardt har arbeidd med slektsforsking og arkivstudium i over 20 år, og har vore researcher i ei rekkje TV-seriar som Ukjent arving, Dei siste dødsdømde og Kven trur du at du er?

Gjennom langvarig arbeid har han kartlagt historia til si eiga slekt, med røter i romanifolket/taterane. Med utgangspunkt i arkiv i både Noreg og Sverige har han bygd opp eit omfattande materiale om liv, reiseruter, arbeid og tradisjonar gjennom fleire generasjonar.

Arbeidet hans viser korleis slektsforsking kan opne for breiare historiske perspektiv. Det handlar ikkje berre om namn og datoar, men om menneskelege livshistorier – om møte mellom reisande og fastbuande, om levekår, identitet og tilpassing.

Gjennom konkrete forteljingar gir Vigardt eit nært og levande bilete av korleis dei reisande levde og organiserte livet sitt, og korleis tradisjonar vart haldne ved lag over tid.

Om fylkeskommunen og prosjektet

Innlandet fylkeskommune har over tid arbeidd med å synleggjere og dokumentere kulturminne knytte til romanifolket/taterane. Eit sentralt tiltak er prosjektet Passet påskrevet, der målet har vore å kartleggje reiseruter, opphaldsstader og spor etter dei reisande i landskapet.

Prosjektet er del av ei større nasjonal satsing, initiert av Riksantikvaren, for å identifisere og dokumentere kulturminne knytte til nasjonale minoritetar.

Det blir også orientert om eit pågåande arbeid i regi av Akershus fylkeskommune, der ein greier ut moglegheita for å etablere eit nasjonalt kart over slike kulturminne. Målet er å samle kunnskap frå heile landet og gjere ho tilgjengeleg for forsking, forvaltning og formidling.

Samlinga i Valdres er eit viktig bidrag i dette arbeidet, der lokal kunnskap og munnlege kjelder står heilt sentralt.