Hopp til hovedinnhold

Riksarkivaren kjem

Inga Bolstad er valdris, og har vore Riksarkivar og leiar for Arkivverket sidan 2014. Arkivverket er nasjonen sin hukommelse, og ein av landets største dataforvaltarar. I kjellaren har dei skattar frå fortida, og dei bygger no verdas første nasjonalarkiv samla på éin digital plattform. Det betyr at alle kan få tilgang til arkiva frå si eiga stove.

Torsdag 7. oktober kjem Inga Bolstad til Valdres Folkemuseum for å fortelje om arkiva. Ho plar å seie at «Arkivverket har fortiden i kjelleren, hodet i nåtiden og jobber for fremtiden». I foredraget sitt skal ho fortelje meir om kva ho meiner med det.

STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
TID: Torsdag 7. oktober kl. 19
INNGANG: Kr. 100 (gratis for dei med årskort)

Avgrensa plass. Billett kan kjøpast på førehand her.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1